Tonje Øyehaug
10.0
/10
评论于 16几周前
Hotels.com verified review
Vi ville bu ganske nær flyplassen i Venezia og ville ha basseng. Vi oppdaga at byen Abano Terme har eit stort utval av hotell med flotte bassengområde pga det er ein gammal kurby med naturleg varme kjelder. Vi valte eit hotell midt på treet. Juli/august må vere lavsesong for basseng der temperaturen held 34 grader: vi hadde den luksusen å vere omtrent åleine i bassenget uansett tid på døgnet. Å kome tilbake om kvelden og duppe ned i så fantastisk varmt vatn var berre herleg. Bassenget er samanhengande utandørs og innandørs. Hotellet kan gjerne pussast litt opp, men vi er godt fornøgde: god frukostbuffet. Men vi hadde standardrom først, det var veldig trist, men så var det maur der så vi vart oppgradert til eit superiorrom utan ekstra kost, og det er eit slikt rom ein bør ha.
阅读更多


