Me blei møtt av hyggelige personale ved innsjekk, og det var alltid ei blid dame som ønska oss velkommen til frokost. Det er supert med basseng på varme dagar og sidan det ikkje var i høysesong var det ikkje overfylt. Området var reint og fint. Hotellet ligg ca 20 min gåtur frå gamlebyen og det er bra med restauranter og butikker rett ved hotellet. Eg hadde bursdag i løpet av oppholdet og fekk hyggelig overraskelse med kake og musserende på rommet. Treningsrommet kunne trengt ein liten oppgradering men det er nok utstyr til å få ei god økt.